tirsdag 8. september 2009

KOR E HAMMAREN, EDVARD?

Kor er hammaren, Edvard, du treng han vel no
når døra skal spikrast igjen?
For i utbygda, Edvard, skal ingen mann bo.
Du skal reise til byen, min venn.
*
Og sjarken din, Edvard, ka gjer du med han
no når garna for godt heng på hjell?
Ta mesanen punn armen, sett sjarken på land.
For kvar fiskar er tid å ta kveld.
*
Og det nyharva stykkjet bak fjøsen ein stad,
det får småbjørka få att til års.
For det veit du då, Edvard, du skal herifrå.
Du skal aldri meir stampe til gårds.
*
Du skal aldri meir drage eit nattstie bruk,
hive uer og torsk kvar for seg.
Og det hjelp ikkje, Edvard, å lengte seg sjuk.
Industrihallen ventar på deg.
*
Industrihallen ventar, bruk hammaren godt,
og få sjarken i støa fortøyd.
Det du pusla med, Edvard, det vart altfor smått.
Økonoman’ er dårleg fornøyd.
*
Dei har avgjort, du Edvard, innpå eit kontor,
at den bygda du bor i skal bort.
Men det kunne du vanskeleg vete i fjor.
Då var val-friar-løftet for stort.
*
Og den fjøsen du bygde på lovnad om veg,
han får du la stå der han står.
Og den jorda du pløydde som stort gledde deg,
ho blir liggande usådd i år.
*
Sei til kjerringa, Edvard, når alt er gjort klårt.
Ta fra såkornet, bak oss eit brød.
Vi skal feire vår avskjed, om enn det er sårt.
I fabrikkhallen trengs ikkje frø.
Jahn-Arill Skogholt

1 kommentar:

  1. Flott side, Rosa. Gode tekster til ettertanke. Friskt mot.
    Ivar

    SvarSlett